Velkomen til opning av nye utstillingar på
Hå gamle prestegard 26. januar kl. 14.00.
Opning ved Bjørn Inge Follevaag, freelance kurator
Utstillinga tek opp tema kring det sykliske og prosessuelle, om tid og det forgjengelege. Installasjonen er laga av tørka blomar og andre vekster som er dyppa i flytande porselen og brent til 1260 grader. Ut kjem nye former, basert på naturen sjølv, sveipt i ei porselenskappe, som eit fossil, ein stivna augneblink. Dei nye formene blir til stadsspesifikke installasjonar der det keramiske materialet og mengda av dette er avgjerande for heilskapen.
Kari Aasen bur og arbeider i Bergen. Ho er mellom anna utdanna i spesialisert kunst frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Sist gong Kari Aasen var på Hå gamle prestegard var i 2007 då kunstgruppa Flora Metamorphicae viste utstillinga med same namn.
Utstillinga står til 17. mars 2019.
Utstillinga er støtta med Regionale prosjektmidler for visuell kunst.