Stille rom

 

På Obrestad fyr er det eit «Stille rom». Døra i fronten på sjølve fyrbygningen er merka med «Stille rom». 

Her kan du setja deg ned, kvila deg litt, sitja i ettertanke, be ei bøn eller berre vera. 

 

Her kan du også ta med turvener for «ei freda stund».  «Stille rom» er alltid ope. Du er alltid velkommen!  Skriv gjerne også namnetrekket ditt/ei helsing i besøksboka.

«Stille rom» er eit samarbeid mellom Hå gamle prestegard og Pilegrimskomitéen for Jæren, og er eitt av mange stopp langs Kystpilegrimsleia Egersund – Nidaros.

Då «Stille rom blei høgtideleg opna, skreiv Anne Sofie Haarr dette diktet:

 

 

 

 

Til deg, du pilegrim!


Her finn du
ope dør til stille rom.
Gå berre inn,
her er du venta.
På gammal kyrkjebenk
du set deg ned.
Her finn du live,
jenner fred.

 

Du pilegrim ved ope hav
på veg frå vogge til grav,
Kom inn!
Meisteren sa: Eg er døra
Kom til meg med den tunge børa.
Eg gjev deg kvile.
Kom til meg med din takk for livet.
Kom med alt som i hjartet bur.

Gode Gud, sign «Stille rom».
Lat det få vera ein møteplass
der du finn oss
og vi finn deg.
I Jesu namn.

Amen.

Anne Sofie Haarr

 

...