Det omligjanda landskapet kan sjå ut som eit urørt, naturleg landskap. Men ser ein nærare etter, er det nesten ikkje ein einaste stein som ikkje err vend eller nytta. Den steinfylte stranda er full av spor av liv og hendingar gjennom mange tusen år.
Kongevegen
Gå tur på en bit av den historiske kongevegen frå Hå gamle prestegard til Obrestad fyr! Her kan du følgje tråkk etter folk og fe gjennom mange tusen år langs Jærkysten. Spor av blant anna den forhistoriske holvegen og den historiske Kongevegen frå 1600-tallet følgjer delvis turvegen som har fått navnet "Kongevegen". Nokon av dei gamle spora er framleis synlege. Strandsona med Kongevegen er svært rik på kulturminne og heile området er beskytta som landskapsvernområde. Turen kan legges opp som fram og tilbaketurer, eller med en bil i hver ende.
Kystpilgrimsleia
Hå gamle prestegard og Obrestad fyr er ein av dei 25 nøkkelstadene på Kystpilgrimsleia, som er ei historisk ferdselsåre som startar i Egersund og endar ved Nidarosdomen i Trondheim. Her kan du gå, sykla eller oppleva delar av ruta i eit ope og dramatisk kystlandskap. Ruta går først langs den vestlandske hovudvegen fram til Ogna, og frå Hårr følgjer ho same trasé som Kongevegen. Hå gamle prestegard og Obrestad fyr er nøkkelstader på Kystpilegrimsleia. På Obrestad fyr kan ein besøka Stille Rom, og få stempel i pilgrimspasset.
På Obrestad fyr kan du besøka Stille rom, eit ope og roleg rom som står tilgjengeleg heile døgnet. Her kan du stempla pilegrimspasset ditt, skriva deg inn i pilegrimsboka eller ta ei stille stund for deg sjølv.
Fuglefredningsområde
Stranda ved Hå gamle prestegard er landskapsverna og fuglefreda, i tillegg til plantefreda ved Obrestad fyr. Her renn Hå-elva ut, eit nasjonalt verna laksevassdrag. Elveosen er særs viktig for fugl, både under trekk og overvintring. Det er viktig at vi alle tar omsyn til dette for å unngå forstyrring - vi oppfordrer til hensynsfull og sporløs ferdsel. Spesielt i hekketiden 15. april til 31. juli.
Husk båndtvang heile året.