Esra Düzen | OSMOTIC REALMS

  • Utstillingar

Esra Düzen | OSMOTIC REALMS

Dato

Lørdag 14. november 2026 - søndag 10. januar 2027

Stad

Hå gamle prestegard

Last ned kalenderfil (.ics)

14.11.2026 - 10.1.2027

Esra Düzen
OSMOTIC REALMS
Skulptur / Tekstil

Osmotic Realms tek utgangspunkt i den biologiske prosessen osmose for å utforske former for kunnskap som ikkje er institusjonaliserte eller rasjonaliserte, men som i staden blir tileigna gjennom generasjonar, gjentaking og praksis.

Osmose er ein prosess der væske passerer naturleg gjennom ein membran for å jamne ut skilnader mellom ulike miljø. Düzen nyttar denne biologiske prosessen som ein metafor for korleis bilete, symbol og erfaringar bevegar seg på tvers av grensene for den medvitne forståinga vår. Gjennom stadig eksponering tek vi dei gradvis opp i måten vi oppfattar og forstår verda på. Dei får feste i oss utan at vi aktivt søkjer dei, og somme gonger før vi i det heile er klar over påverknaden deira.

Prosjektet hentar inspirasjon frå kunnskap og tradisjonar som er overførte gjennom generasjonar. Düzen voks opp omgjeven av kvinner som utførte verneritual, og vart tidleg fascinert av korleis arbeid med materiale kan bere både kjenslemessig og symbolsk meining. Desse praksisane skapte rom der kvinner kunne samlast, dele kunnskap og utforske erfaringar som ikkje utan vidare lèt seg uttrykkje med ord.

Verka i utstillinga samlar augeblinkar av erkjenning som oppstår gjennom gjentaking, meditasjon og ritual, formidla gjennom eit naivt, humoristisk og lett absurd visuelt språk. Ved å blande kulturelle referansar, samtidige bilete og element av det ukjende inviterer verka publikum til å reflektere over korleis medvitet vårt blir forma av forteljingar, korleis vi avgjer kva vi skal tru på, og kvifor det ukjende held fram med å fascinere oss.

Ved å byggje bru mellom gjenstandar og tradisjonar frå heimlandet hennar og den samtidige kulturen opnar Düzen for eit mangfald av assosiasjonar. Slik får publikum høve til å skape sine eigne samanhengar og reflektere over kva vi vel å hugse, tru på og føre vidare.

Esra Düzen (f. 1983, Istanbul ) bor og jobbar i Oslo, Noreg. Ho er ein tverrfagleg kunstnar som arbeider med tekstil, installasjon, teikning og skulptur. I kunstnarskapen sin utforskar ho framandgjering i samtida, det skiftande forholdet vårt til mytar og nedarva kunnskap, og korleis menneske skaper forståing av røyndomen i tider prega av uvisse.

Gjennom symbol, forteljingar og kulturelt minne set Düzen referansar til eldre tradisjonar i samspel med bilete frå samtida. Verka hennar tek ofte form som hybride skapningar og miljø som kan verke eldgamle, framande eller merkeleg kjende. Med eit leikent og tidvis absurd visuelt språk skaper ho relikviar, vegvisarar og gåtefulle bilete som speglar ønska våre, avgrensingane våre og måtane vi prøver å forstå verda på.

Utstillingen er støttet av Billedkunstnernes vederlagsfond, Kulturdirektoratet og KIN.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Hå gamle prestegard

Adresse
Håvegen 347
4365
Nærbø

Om staden

Namn

Hå gamle prestegard