Omvising kvar onsdag i juli!

Kvar onsdag i juli ønskjer vi velkomen til omvising på Hå gamle prestegard.

 

Omvisingane er eit flott høve til å besøke prestegarden i sommar. 

Her kan du lære meir om utstillingar, prestegardshagen eller det omliggjande kulturlandskapet, og følge opp med ei kaffe og lappe i kafeén etterpå.

Omvisingane passer for alle aldre, og kan tilpasses i språket til anten norsk eller engelsk.

Vanleg inngangsbillett gjeld.

 

Sundag 21. juni kl. 13.00

MØT GARTNAREN

Bli med vår gartnaren vår Daniella Bøe på omvising i den praktfulle prestegardshagen.

 

Onsdag 1. og 15. juli kl. 13.00

KUNSTOMVISING PÅ HÅ GAMLE PRESTEGARD

Kunstformidlaren vår fortel om utstillingane og om kunstnarane som står bak

 

Onsdag 8. og 22. juli kl. 13.00

KUNSTOMVISING PÅ OBRESTAD FYR

Kunstformidlaren vår fortel om utstillinga og om kunstnaren som står bak

 

Onsdag 29. juni kl. 13.00

UNGDOMSOMVISNING I KULTURLANDSKAPET

Våre flotte ungdommar frå HGP UNG tek dykk med på tur, og peikar ut historiske stader og minnesmerke på vegen.

 

Onsdag 5. august kl. 13.00

MØT GARTNAREN

Bli med gartnaren vår Daniella Bøe på omvising i den praktfulle prestegardshagen.