I 2023 gjekk prisen til Sigmund og Judith Bjelland, eigar av Skandsahuset.
Dette sa ordføraren i sin nyttårstale 1. januar 2024:
Skandsahuset er ein unik villa i jugendstil frå 1917 i Sirevåg. Det er arkitekt Michael Gustav Slettebø som har teikna bustaden som blei bygd av Laurits Georg Skandsen og kona Wilhelmine Skandsen. Skandsen etablerte tønnefabrikk til sildesalting i Sirevåg og i tillegg dreiv han med transport av varer, myse og mjølk for bøndene i området.
Skandsahuset har mange flotte tidsriktige detaljar. Jugendstilen var inspirert av organiske former frå naturen og desse bygningane har ofte ei mjuk takform som gjev uttrykk av å pakke seg tett rundt huset. Eigedomen og huset er plassert slik at det har nydeleg utsikt over hamna i Sirevåg og sjøen. Huset er i halvanna etasje med klar hovudform og symmetrisk hovudfasade.
Sidan 2015 har Sigmund og Judith Bjelland kontinuerleg restaurert og vedlikehalde huset med stor omsorg for detaljar og kvalitet. Eigarane har fylgt dei originale arkitektteikningane i alt dei har gjort. Eit godt døme er terrassen, som var teikna av arkitekten, men ikkje bygga då huset blei oppført. Den er no ferdigstilt med fine utskjeringar av organiske jugendstilformer som pyntar rekkverket.
Ekstremvêret me no oftare er vitne til utgjer ei auka belasting for alle kulturmiljø i Hå kommune. Skandsahuset fekk store stormskader på taket hausten 2021. Grunna undersøkingar etter stormen oppdaga ein at det var rote treverk og takpanner som var ustabile på grunn av alder. I 2023 renoverte eigaren heile taket og det framstår som nytt med dei originale Laumans taksteinane som framleis blir produsert i Bracht i Tyskland.
Sigmund og Judith Bjelland er veldig engasjert i historia til huset som representerer ei viktig del av utviklinga til Sirevåg. Eigarane har samla gamle fotografi som er hengt opp på veggene. Ein samtale med paret er ei flott oppleving og eit godt døme på eit immaterielt kulturminne; dei formidlar ei levande fortelling om Sirevåg og lokal bygningshistorie.
Juryen roser ei restaurering som syner engasjement frå eigarane og høg kvalitet frå handverkarane. Dei har klart å ta vare på denne Jugendstilvillaen sin karakter og sjarm. Det store huset treng regelmessig vedlikehald, og dette er utført med omtanke og auge for detaljar. I tillegg er huset eit viktig historisk minne om Sirevåg si utvikling, som Sigmund og Judith heidrar med ein aktiv interesse for lokalhistorie.
I 2021 gjekk prisen til Søyland Skysstasjon.
Frå juryen si grunngjeving kan ein lese:
Huset har ein historie i Hå kommune sidan 1880-talet som tidlegare skysstasjon og landhandel saman med bustadhus på garden.
Eigarane gjorde valet å føra denne historia attende i den utvendige restaureringa. Dei sette seg godt og grundig inn i historia om alt huset har romma. Planar tok til i 2016 og i 2017 starta arbeidet som har gått fram til fullført restaurering no i 2021. Fagfolk har vore henta inn og ein har hatt god dialog med kommunen si kulturvernavdeling.
Eigarane har gjennomført arbeidet med entusiasme og stoltheit og har leita etter løysningar ned til minste detaljar. Ein ser døme på innbyggjarar som har gjort langt meir enn det ein kan forventa både nede på detaljnivå og det å setja seg inn i både slekta og del av kommunehistoria.
Les meir om huset og restaureringa i Jærbladet.
Reglar for tildeling av kulturvernpris:
Formannskapet har vedteke å oppretta kulturvernpris. Det skal vera eit tidsrom på minst to år mellom kvar prisutdeling.
Prisen kan vera eit diplom og ein pengesum. Pengesummen vert fastsett i årsbudsjettet.
Prisen kan gjevast til einskildpersonar, lag, verksemder eller andre utøvarar som har gjort ein særs verdfull innsats for kulturvern, bygningsvern og byggeskikk i kommunen.
Det vert oppnemnt ein jury som skal avgjera kven som skal få prisen. I dette arbeidet kan juryen sjølv søkja naudsynleg støtte frå faglege instansar/personar.
Juryen skal vera samansett av:
Leiar i utval for opplæring og kultur
Leiar i utval for tekniske saker og næring
1 medlem oppnemnd av formannskapet
Rådmannen er sekretær for juryen.
Ordføraren står for utdeling av prisen.
("Kommunale støtteordningar" pkt. 6, C)
Tidlegare mottakarar av Hå kommunes kulturvernpris:
2023: gjekk prisen til Sigmund og Judith Bjelland, eigar av Skandsahuset, våningshus bygd i 1917 (bgnr 95/112)
2021: Tor Henrik og Svanhild Søiland, Vidar og Johanne Njærheim Søiland. Eigarar av Søyland skysstasjon,
våningshus bygd i 1888 (gbnr 03/02).
2019: Ola og Torill Ånestad. Eigar av et jærhus på Lerbrekk vestre, bygd i 1894. (gbnr 44/31).
2017: Gunleiv og Gunvor Risa. Eigar av et jærhus på Risa bygd i 1850. (gbnr 31/9).
2015: Asgaut Steinnes og Laila Luteberget. Eigar av sjøgard på Haver, Sirevåg bygd i 1908. (gbnr 89/2).
2014: Lars Haarr - Eigaren av et jærhus frå 1840, Hårr, Nordsjøvegen 3373.
2013: Ingen pris.
2011: Nina Jensen og Jarle Henriksen - sveitserhuset "Dalheim".
2009: Ingebjørg og Per Ivar Wold - "Köhlerpaviljongen".
2007: Anne Lise Holmane Messmer - jærhus "Lars Elias-huset".
2005: Båten M/B "Flink" v/sameiget.
2003: Lerbrekk gamle skulehus v/vennelaget.
2001: Audun Øyri og Ogna bondelag - "Folkeminne frå Ognaheiå".
1999: Berit og Svein Mikal Ødemotland – jærhus.
1997: Edvard Bjelland – jærhus.
1995: Solvor og Kjetil Nærland – jærhus.