Tilskot til rehabilitering av private hus

Ein kan søkja om tilskot til å dekkja meirkostnader ved rehabilitering etter antikvariske retningsliner.

Hå kommune kan gi tilskot til rehabilitering av private hus innan kommunen. Summen som står til rådvelde for slikt tilskot vert talfesta i årsbudsjettet, p.t. kr. 150.000 pr. år. Hus og anlegg i verneklasse A og B skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Ein skal og kunne gi tilskot til andre hus og anlegg ut frå vurderingar om kulturvern. Tildeling av tilskot vert gjort ein gong i året etter søknad. Søknadsfristen er i midten av april kvart år.

Søknaden må innehalde:

  • Namn på søkar
  • e-post
  • telefonnummer
  • skildring av planlagt arbeid
  • søknadssum
  • gards/bruksnummer og adressa til huset/ anlegget det gjeld
Søknad om tilskot kan sendast til: Hå kommune v/kulturvernavd., Håvegen 347, 4365 Nærbø. E-post: kulturvern@ha.kommune.no
 

Det finst elles ei rekkje støtteordningar for istandsetting av verneverdige bygningar og miljø. Desse kan endra seg noko frå år til år. Sjå Riksantikvaren Norsk Kulturminnefond  Rogaland fylkeskommune  Fylkesmannen i Rogaland

 

Retningsliner for kommunalt tilskot til rehabilitering av private hus i Hå

  1. Kommunen kan gi tilskot til vernvøling av private hus innan kommunen. Summen som står til rådvelde for slikt tilskot vert talfesta i budsjettet.
     
  2. Hus og anlegg i verneklasse A og B skal prioriterast ved tildeling av tilskot, men då slik at ein også skal kunna gi tilskot til andre hus og anlegg ut frå kulturvernvurderingar.
     
  3. Tildeling av tilskot vert gjort etter søknad. Søknaden skal innehalda grunnlagsmateriale som gjer det mogleg å vurdera prosjektet ut frå ein heilskap. Ved ei omfattande rehabilitering skal det føreliggja byggjeteikning med oversyn over totalkostnad. Dersom ein skal ta rehabiliteringa etappevis, bør det vera ein framdriftsplan for dette og ei spesifisering med kostnadsoverslag for dei aktuelle tiltaka som søknaden gjeld.
     
  4. Planarbeid, materialval og utføring skal vera i samsvar med god fagleg standard både i høve til det handverksmessige og til kulturvern og arkitektoniske vurderingar.
     
  5. Som ei rettesnor for tildeling kan ein gå ut frå ei vurdering av kor mykje ekstrakostnadar det fører med seg å ta omsyn til faglege kriteriar for vernevøling. Men det skal vera rom for skjønn både i høve til kvar einskild søkjar og til den samla summen som står til rådvelde.
     
  6. Utval for levekår gjer vedtak om kven som skal få tilskot og kor mykje kvar einskild skal få. Ein bør ta sikte på å gjera dette ein gong årleg, og då i utvalsmøte før sommaren.
     
  7. Søknad skal vera inne til skule- og kulturetaten innan 15. april. Tilskotet skal gjerast kjent ved utlysing i lokalavisa i god tid før søknadsfristen.
     
  8. Tilskotet kan utbetalast når arbeidet er sett i gang. Løyvde tilskot som ikkje er nytta innan utgangen av året etter at løyving er gitt, vert å vurdera som ikkje nytta og løyvinga trekt attende.