I 2022 blei ho portrettert i NRK-serien Kunstnerliv, i ein samtale med kunstnaren Kjell Erik Killi Olsen. Serien gir eit nært og interessant innblikk i Baltzersens kunstnariske univers og praksis.
Har du ikkje sett Kunstnerliv enno, anbefaler me å ta ein titt i helga. Her får du høve til å bli betre kjend med ein av dei markante kunstnarane i samtidskunsten.
Utstillinga SKJØRE VENGJER kan du oppleve på Hå gamle prestegard fram til 1. november.
Sjå videoen her